Sunday, October 08, 2006

Langt heimefra..

Ein stad å stå.
Berre ein stad eig vi heime-
Staden du trygt kan stå,
er berre ein.
Er berre din eigen stad.
Dette er lovi
som gjeld og står fast:
vil du vera frå andre stader
blir du frå ingen stad.
Vil du vera ein annan
enn den du er,
blir du ingen.
Just ifrå staden din eigen
er vidast kringsjå,
av di at du kjenner staden
og veit kvar du står.
Der er ditt blånande fjell
og tindar
så langt ditt auge kan timje,
så langt som din tanke når.
Jan Magnus Bruheim.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home